Play sound in background no no
Logo

Trolla frå Trollstad® består av totalt 7 troll, og kan ta oppdrag både aleine eller fleire i lag.

Ønsker du å leige eit eller fleire troll til ditt event?

Leigepris pr troll er mellom kr 3000,- og 6000,- alt etter arrangement, tid og lengde på oppdraget. Utgifter til reise og evt. opphald kjem i tillegg.


Det er også laga ferdige konsept og vi nemner spesielt

The dance of the Trolls

Dette er signaturproduktet vårt med tre av trolla i ei danseframsyning over 15 minutt. Vi brukar koreografi og musikk som er spesialbestilt til denne framsyninga. The dance of the trolls tek med tilskodarane på ei reise til det første møte som trolla hadde med det moderne, menneskeskapte samfunnet. Vi brukar profesjonelle dansarar, og uttrykket er moderne og spektakulært. Framsyninga kan haldast kvar som helst, men det bør vere flatt og jamt underlag der trolla skal danse, og vi må ha tilgang på straum til lydanlegg.

Denne framsyninga passar veldig godt som kulturinnslag på konferanser, under middag eller på utearrangement.

Pris med lydanlegg frå arrangør: kr 15 000,-

Events/skreddarsaum

I lag med kunden sett vi saman dei gode opplevingane som passar alle arrangement. Vi har levert tilpassa opplevingar til ei rekke kundar, bl.a 62 Nord, NSB og Hurtigruten.

Vi tek oppdrag både lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt.


Vilkår:

Alle tilbod er uforpliktande heilt til vi får ei skriftleg stadfesting. Kostnadar knytt til tilkøyring og evt. kost/losji kjem i tillegg. Ved avbestilling seinare enn 48 timar før oppdraget, fakturerer Trollbinding heile det avtalte honoraret.