Play sound in background no no
Logo

www.trollbinding.no

troll@trollbinding.no

tel.:+47 97883830

995755246MVA

logo 2008

Trollbinding AS vart etablert i 2010 med formål å løfte det norske trollet fram i nytt lys, og bruke dei til formidling av norsk kulturarv, norske tradisjonar, fokus på miljø og berekraft. Trolla frå Trollstad® vart etablert som Trollbinding sitt formidlingskonsept.

Det er sidan oppstarten blitt arbeidd med utvikling av dans, teater, musikk og historier som har ført trolla på spennande oppdrag i heile regionen.

I dag er Trollbinding medeigar i Valldal Aktivitetspark AS som vart etablert i 2014, og trolla har ein naturleg plass her med aktivitetar og underhaldning for gjestane.

I 2016 vart vi sertifiserte som Miljøfyrtårn, og vi tek arbeidet med miljø og berekraftig utvikling med oss i det daglege arbeidet vårt.
Trolla skal vere tydelege medspelarar og spelar på lag med naturen.