Play sound in background no no
Logo

Familien av huldretroll frå Trollstad er stor og mangfaldig. Kong Utgammal er det eldste og klokaste trollet. Han er lærar på trollskulen, og er den som fører ordet i viktige samanhengar. Han er svært stolt av dei rettvise og kloke huldretrolla han regjerer over, og ikkje minst dotter si, Druspe, som ein dag skal ta over etter sin far.

Druspe er ei myndig trollmor med heile 7 småtroll som skal passast på. Ingen på Trollstad lagar betre mat enn trollmor, og ho har også ansvar for lageret av urter som vert brukt til både mat, drikke og medisin.

Trollmaken hennar heiter Gryfflar og kan lage dei finaste smykker, reiskapar og nytteverkty av tre og stein.

Eldste trollguten heiter Stig Skapelon, og er både ein eventyrar og oppdagar. Han er svært nysgjerrig og utolmodig, men er full i påfunn som ikkje alltid er godt gjennomtenkte og veldig lure.

Skrubbelur er neste trollgut i rekka, og i lag med dei to systrene Sokkestruple og Struplekopp elskar han å danse. Dans og musikk er det kjekkaste han og søstrene veit, og dei har blant anna sitt eige danseshow som dei reiser rundt med.

Elles er Skrubbelur eit ansvarsfullt, men noko grublande ungtroll som trivast godt på skulen. Det beste han veit er å høyre på dei gamle historiene til Utgammal.

Søstrene Sokkestruple og Struplekopp er tette i alder og har hengt saman som erteris sidan dei var heilt små. Dei likar godt å vere i lag med Skrubbelur, kanskje fordi dei lett får viljen sin? Dei er svært tullete og fnisete, spesielt når dei er i lag.

Lillesyster Fantehit er søt og sjarmerande, og lokkar fram smil hos dei fleste. Ho har mange talent, men er nok litt sjenert så det er ikkje alltid ho tør å opptre. Fanget til trollmor er framleis godt å ha, men sidan ho starta på trollskule har ho blitt meir sjølvstendig og fått meir tru på seg sjølv.

Tvillingtrolla Tittføtt og Tausafut er dei to yngste trolla i familien. Tittføtt er som namnet seier veldig rask på foten, og det treng han så ofte han må kome seg unna trøbbel. Trollmor Druspe har hendene fulle med tvillingane sine då dei som regel må passast godt på slik dei ikkje finn på for mykje tull og tøys. Tausafut er minst like rampete som bror sin, men han smiler og sjarmerer seg ut av trøbbel der Tittføtt må springe så fort føtene ber. Tidvis kan dei vere svært hjelpsame, og spring ofte ærend for både trollmor og trollfar.

Troll from Karl Otto Henriksen on Vimeo.