Play sound in background no no
Logo

Trolla formidlar norsk kulturarv gjennom dans og musikk. Vi samarbeider med dyktige musikarar og produsentar for å få fram det uttrykket vi ønsker. Vår signaturframsyning ”The dance of the Trolls”, vart komponert av Knut Ivar Bøe og Ingri Fiksdal har levert koreografien til dette 15 minutt lange folkemusikkinspirerte stykket med geniale detaljar. Det er Trollbinding og Toril Callsen som hadde ideen til dansen.

Det er laga eit teaterstykke med ei rekke musikalske innslag som også er samla på ein CD. Anne Sofie Linge Valdal og hennar tidlegare bandkollega Ewan MacPherson, stod bak komposisjonane, og samarbeida med Trollbinding om tekst og uttrykk.

Trolla er dyktige formidlarar i alt dei gjer. Storytelling er ein viktig del av trolla sitt arbeid, både mot barn og vaksne. Det vert arbeidd med ei bok som tek for seg ei rekke historier knytt til trollsamfunnet på Trollstad. Dette er ein type eventyr i ny form, men som alltid har ei kjensle av kulturarven vår.

Trollstad jingle